Om stillingen
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig 30% fast stilling som kantor/ kyrkjemusikar hovudsakleg i Radøy og Knarvik sokn. Organisten gjer teneste to søndagar i månaden, og får ein fast gravferdsdag.
Arbeidsoppgåver
Teneste ved kyrkjelege seremoniar, gravferder, gudstenester, vigsler og institusjonsandakter
Planlegging og vidareutvikling av gudstenester og andre arrangement saman med prest og frivillige i kyrkjelyden
Bidra inn i soknet sitt arbeid med trusopplæring og skule/kyrkjesamarbeid
Delta i stabsmøter og vere ein del av teamarbeidet i staben
Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet
Kvalifikasjonar
Utdanning som kantor/kyrkjemusikar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar
Engasjert og kreativ med gode samarbeidsevne
Ser verdien av mangfald i kyrkjemusikken
Ha ønske om å vera med å styrke arbeidet i soknet
Arbeida både sjølvstendig og i team
Kommunisere og samarbeide godt med frivillige medarbeidarar i alle aldrar
Det blir lagt vekt på at søkaren er personleg egna.
Me tilbyr
Ei variert stilling i gode arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariff for kyrkjeleg sektor
Forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
Pensjonsordning gjennom KLP
Anna:
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til prøvespel og intervju
Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Kontaktinformasjon
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Alver kyrkjelege fellesråd vart etablert i 2020 og består av 5 sokn med tilsaman 35 tilsette og 8 prestar. Alver kommune har om lag 30.000 innbyggarar og ca 75% er medlemmer i DNK. Kommunen består av både av bygder og bygdebyar og mange pendlar til Bergen. For meir informasjon om soknet – sjå
Alver kyrkjelege fellesråd www.kyrkja.no/alver
Nettsted
http://www.kirken.no/
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen