Om stillingen
Studerer du sjukepleie, er sjukepleiar eller helsefagarbeidar – og ønsker å jobbe helg? Bli med på laget vårt ved Barne- og ungdomsklinikken!
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjer nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab.
Medisin A er ein sengepost med 9 senger kor vi behandlar pasientar frå 0-18 år innan fagseksjonane gastro, endo, nefro/reuma og nevro. Vi har også dagpost og poliklinikk som dekker dei aktuelle fagområda samt Avansert Heimesjukehus som drar heim til barn/ungdom for å gi oppfølging og behandling. Hos oss jobbar sjukepleiarar, pediatriske sjukepleiarar, kreftsjukepleiarar og helsefagarbeidarar i tett samarbeid med barnelegar og andre tverrfaglege profesjonar.
Medisin B er ein avdeling med 10 senger som behandlar barn og unge med kreft og blodsjukdommar. Vi gir avansert behandling i form av kjemoterapi, aleine eller i kombinasjon med strålebehandling og kirurgi. Vi har høgt fokus på symptomlindring og palliasjon. Vi samarbeider tett og godt med avansert heimesjukehus, klinikkens palliative team og kommunehelsetenesta. Vi er opptatt av sjukepleie med ei heiskapleg tilnærming både til barn, ungdom og deira familiar.
Du vil inngå i ei engasjert kollegagruppe med fokus på fag, trivsel og samarbeid.
Medisin C handterer medisinske barn mellom 0-18 år. Pasientgruppa vår er lunge, infeksjon, hjarte, sosialpediatri, uavklarte pasientar, utgreiingspasientar og akuttpasientar. Seksjonen består av ein sengepost, eitt barnemottak, ein barneovervaking , ein poliklinikk, og bemanning inn mot barnehuset i Bergen. På seksjonen jobbar det spesialsjukeåleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barnepleiarar og assistentar pleie. Vi jobbar tett samarbeid med andre yrkesgrupper.
Bemanningssenteret har også ledig 15% stilling for personell med erfaring med barn. Dette vil vere helgestilling der man jobbar på dei ulike seksjonane i Barne- og ungdomsklinikken.
Har du lyst å bli ein del av vårt team og jobbe med barn og unge i Glasblokkene?
Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
Sjukehuset har fire hovudoppgåver; pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, forsking og utdanning
Hos oss skal du observere og gi pleie til barn og ungdom
Gi støtte og omsorg til pasientar og pårørande
Du vil inngå i eit tverrfagleg samarbeid som skal gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphold hos oss
Kvalifikasjonar
Påbyrja utdanning som sjukepleiar
Sjukepleiar/helsefagarbeider må ha norsk autorisasjon
Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og ungdom, men ingen føresetnad
Erfaring med, og interesse for, undervisning samt opplæring av pasientar og pårørande er ønskeleg
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
Som søkar må du vere fagleg engasjert, sjølvstendig og ha evne til samarbeid
Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring
Ha respekt for det enkelte medmenneske
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
Ein spennande og utfordrande jobb
Opplæring
Fagleg og personleg utvikling
Godt arbeidsmiljø
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.helse-bergen.no/
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen