Maskinsjef Jondal–Tørvikbygd. Døgnskift - 2 veker på jobb, etterfølgt av 2 veker fri.

Maritim Drift, Fjord1 ASHUNDVINPublisert 24. aug. 2026Søknadsfrist 01. okt. 2026478878

Om stillingen

Vi søker ein engasjert og dyktig maskinsjef til vår stillegåande, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd. I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander. Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta FSE e-læringskurs Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar. Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på og 2 veker av. Kontaktinformasjon benedicte.ellingsen@fjord1.no Arbeidssted Nøkkelinformasjon Om bedriften Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida. Sektor Privat Nettsted http://www.fjord1.no/

Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen