Om stillingen
SSR leitar etter deg som ønskjer å hjelpe kundane våre med å levere avfall på rett plass, trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har interesse for ein avfalls- og gjenvinningsbransje i stadig utvikling.
Du får desse oppgåvene:
Rettleie og hjelpe kundar på miljøstasjonane i Saunesmarka, Mjølstadneset og Myklebustmyrane.
Operatør i vekta ved behov.
Kvalitetssikring av enkelte avfallsfraksjonar.
Andre arbeidsoppgåver etter behov.
Du har desse kvalifikasjonane:
Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg, men ikkje eit krav. SSR kan legge til rette for at du får ta fagbrev i gjenvinningsfaget.
Førarkort klasse B. Truckførarbevis er eit pluss.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering.
God fysisk helse.
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig med gode samarbeidsevner.
Utadvendt, engasjert, fleksibel og serviceinnstilt.
Strukturert og ryddig, med gode haldningar til HMS.
Kundevenleg, systematisk og nøyaktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Vi tilbyr
Ei allsidig stilling i ein spennande og framtidsretta bransje.
Nye og moderne anlegg.
Lønn etter avtale.
Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.
Send søknad og CV på e-post til: rune@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist: 13. september 2026.
Om bedriften
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt selskap med hovudbase i Ulsteinvik. Selskapet har ansvaret for avfallshandteringa til om lag 25 000 innbyggjarar i kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Målet er å sikre ei miljøvenleg, effektiv og forsvarleg avfallshandtering i tråd med gjeldande forskrifter og regelverk.
Med tre miljøstasjonar og ca. 40 tilsette, arbeider vi dagleg med å legge til rette for at mest mogleg av det som blir kasta i området vårt, blir gjenvunne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://reinhaldsverket.no/
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen