Om stillingen
Om stillinga
Alver bibliotek har ledig eit vikariat i 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.15-15.30. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug.
Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar og ein filial. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. Det er alltid to tilsette på jobb i Knarvik, medan ein som oftast er åleine på jobb på Frekhaug og Manger.
Arbeidsoppgåver
Skranke og anna service til brukarane av biblioteket
Litteraturformidling
Formidling av digitale tilbod og verktøy
Hyllerydding og anna førefallande arbeid
Legge til rette for arrangement
Kvalifikasjonar
Videregåande utdanning, over 18 år
Du er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag
Du har god digital kompetanse
Du har gjerne erfaring frå bibliotek, formidlings- og/eller arrangementerfaring
Personlege eigenskapar
Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy
Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester
Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert
Du er løysingsorientert og initiativrik
Du er glad i å hjelpe publikum
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
Ei deltidsstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til dei besøkande på biblioteket
Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk
Person- og pensjonsordning gjennom KLP
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.alver.kommune.no/
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen