Finansiell rådgivar i Stryn

Sparebanken NorgeSTRYNPublisert 24. aug. 2026Søknadsfrist 09. sep. 2026<p>Jobben innebærer økonomisk rådgivning for privatkunder med fokus på relasjonsbygging og gode kundeopplevelser. Erfaring med finans og sal er en fordel.</p>

Om stillingen

Sparebanken Norge er landets st ø rste sparebank! Bransjen v å r er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra p å kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida m å tenkje nytt, og du vil difor kunne p å verke og bidra i avgjersler hos oss. Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss -- og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med p å laget! Om kontoret og laget I Stryn er vi eit energisk og engasjert lag som jobbar tett saman for å skape dei beste kundeopplevingane basert på høg kompetanse, kort responstid og framoverlente rådgivarar. Vi har ei sterk lokal forankring i Nordfjord og er stolte av rolla vi spelar -- både for kundane våre og for lokalsamfunnet. På teamet er vi i dag 3 rådgivarar på privatmarknaden. Vi sitter saman med ein dyktig kollega i Frende forsikring, samt at vi har både megler og bedriftsrådgiver som reiser mellom kontora våre i Nordjord. Vi samhandlar tett for å tilby kundane våre alt dei treng av finansielle tenester. Arbeidsmiljøet vårt er prega av høgt momentum, sterk fagleg kompetanse og korte avgjerdslinjer med lokal avgjerdskraft. Teamet er ein uredd gjeng med tydelege ambisjonar, og ynskje om å kontinuerleg utfordre og utvikle kvarandre, både fagleg og personleg. Vi skal styrke laget vårt og ser derfor etter deg som ønskjer å vere ein drivar for vidare vekst i Stryn. Kva g å r jobben ut p å ? Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi -- i dag og for framtida. Det er oss kundane ringjer når dei treng gode råd, ein som jobbar for å finne dei beste løysingane for akkurat deira familieøkonomi eller tydelege råd når kunden sjølv ikkje veit kva han eller ho treng. Vi bryr oss om kundane våre og går den ekstra mila når situasjonen krev det. Som rådgivar hos oss har du ansvar for din eigen portefølje. Du møter kundane i alle kanalar, men primært gjennom fysiske eller digitale møter eller på telefon. Du arbeidar aktivt med å byggje gode og langsiktige relasjonar, der den viktigaste jobben din er å hjelpe kunden i store økonomiske val gjennom kvalifiserte råd og de beste finansielle løysingane, enten det gjeld sparing, lån eller forsikring. Vi skal levere kvalitet og personleg rådgiving, og vi ser etter deg som har det same engasjementet. Du må trivast godt med å være kontaktskapande og ha eit ønske om å komme i kontakt med nye kundar gjennom arbeidsveka. Det er eit krav til alle finansielle rådgivarar i Sparebanken Norge å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men det er ikkje eit krav for å søkje. Banken vil legga til rette for å tileigna seg naudsynt kunnskap via autorisasjon og opplæring. Vi oppfordrar både personar med bankerfaring og personar i nærliggande yrker som inneheld kreditt/rådgiving/sal om å søke på stillinga hos oss. Kven er du? Hos oss legg vi stor vekt på å skape gode kundeopplevingar. Vi ser etter deg som er god på å byggje lange relasjonar og som har eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog. Du har høg arbeidsmoral, er engasjert i jobben og trivst godt i ein prestasjonskultur med sterkt fokus på leveransar. Vi søkjer rådgivarar som likar å arbeide både sjølvstendig og som ein del av eit lag. Erfaring med rådgiving eller sal av finansielle produkt er ein fordel, og du må være komfortabel og profesjonell i møte med kundar. Har du AFR-sertifisering og/eller høgare økonomisk utdanning er det ein fordel, men det viktigaste for oss er haldninga di og korleis du møter folk. Vi trur du vil lukkast og trivast godt hos oss hvis du er: Målretta i arbeidet og blir motivert av å levere vekst og gode salgsresultat God til å avdekkje reelle behov hos kunden og oppteken av å tilby løysingar som skaper tryggleik i møte med kundar Ærlig, lojal og tillitsfull i møte med kollegaene dine Nysgjerrig, initiativrik og lærevillig Ein lagspelar som set laget først, sjølv om du også skal nå eigne mål Du stiller krav til dine medarbeidar og stiller opp når det trengs. Kva f å r du hos oss? Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast -- både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet. Du blir del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle -- og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken. I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje bare ein bank -- vi byggjer eit lag. Vil du bli med? Vi gleder oss til å h ø yre fr å deg! Ta gjerne kontakt med oss for en hyggeleg prat. Arbeidsstad: Stryn Søknadsfrist: 09.09.2026 Om bedriften Sektor Privat Nettsted https://www.spv.no/

Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen