Om stillingen
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 17, har vi ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar grunna interne omrokkeringar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.
Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 30. august 2026, tiltredelse etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak
Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy
Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarar med demens
Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring
Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar
Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell
Praktisk hjelp
Primærpleie
Medisinhandtering
Nært samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
Autorisert helsefagarbeidar
Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
Kjennskap til personsentrert omsorg, miljøbehandling og åtferdsforståing
Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon
Gode datakunnskaper
Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
God opplæring og nærleiing
Mentor-ordning ved oppstart
Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling
Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Gratis parkering
Tillegg for relevant vidareutdanning
I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,- som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.
Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.noCecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Molværsvegen 176030 Langevåg
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.09.2026Søknadsfrist: 30.08.2026
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen