Er du sjukepleiar/vernepleiar med ønske å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?

BHBjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen
EIKELANDSOSENFast Publisert 13. aug. 2026Frist 31. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet54/100Hvordan?
LønnAnslått 48 968 kr – 64 490 kr per måned
HistorikkObservert i 64 dagerFørst observert 12. aug. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 091 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 091 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 354 aktive nå, 32 600 arbeidsgivere og 143 553 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi søkjer ein engasjert sjukepleiarar/vernepleiarar i 100 % fast stilling som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!

Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.

For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen.

Kvifor velje oss?

    Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nyttDu får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!  Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper Du får bruke kompetansen din der behovet er størstDu blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar

Arbeidsstad
Eikelandsosen

Arbeidsoppgåver

    Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjonDokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester  Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar  Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

    Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdertHar gjerne relevant vidareutdanningUtanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandetSøkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar


    Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner  Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr


    Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGod pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringLøn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellenTilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetidNyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaerSom ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helgVi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (5 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 09. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 13. aug. 2026.

3 endringer over 7 dager i 5 øyeblikksbilder.

2 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 16. sep. 2026
    • Frist endret21. sep. 202631. okt. 2026

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverBHBjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen1 stilling i databasen