Ringevikar som reinhaldar
OKOsterøy kommuneDatasettet bak annonsen· 73 061 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 061 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 358 aktive nå, 32 581 arbeidsgivere og 143 500 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Om stillinga
Me treng ringevikarar til våre kommunale bygg, ved sjukefråvær og feriar, gjennom heile året.
Arbeidsoppgåver
Dagleg reinhald ved våre skular, barnehagar, Osterøytunet, Familie og omsorgssenteret, biblioteket, Samlokaliseringsbygget, rådhuset, Lonevåg legesenter og Valestrand legesenter.
Kvalifikasjonskrav
Ingen spesielle krav til kompetanse, men erfaring er ein fordel. Det vert gjeve opplæring.
Kven er du?
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 08. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 09. des. 2025.
3 endringer over 32 dager i 4 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 10. sep. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 27. sep. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 11. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.