Tilkallingsvikarar

BBBrattvåg barneskule, Haram kommune
BRATTVÅG Publisert 22. juni 2026Frist 01. juni 2027
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet19/100Hvordan?
LønnAnslått 50 550 kr – 67 766 kr per måned
HistorikkObservert i 64 dagerFørst observert 12. aug. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 790 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/2027. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.

Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.

Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.

I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

    Undervisning (lærarstilling).Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn.Gje barn positiv oppfølging og støtte.Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

    Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.God digital kompetanse.Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

    Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn.Ha god relasjonskompetanse.Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.

Vi tilbyr

    Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Unni N Krogsæter, Tenesteleiar/Rektor, 97560016, [email protected]

Arbeidssted

Skulesvingen
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5144659648
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 01.06.2027

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 22. juni 2026.

2 endringer over 2 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverBBBrattvåg barneskule, Haram kommune6 stillinger i databasen