Om stillingen
Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter.
Vi har ansvar for
utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
offentleg bading
samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat
statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt
Vi har ledig
15 % vikariat som badevakt i perioden 15.08.26 - 30.06.27
Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er annakvar helg og mogleg noko kveld.
Arbeidsoppgåver er mellom anna
svare for tryggleik i symjehallen
vere kjentmann og vert for badegjestane
utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstu
selje billettar og anna
Krav til søkar
gode symjeferdigheiter
må bestå livredningsprøve
Grunna tilsyn med garderobar og at kvart team består av ein mann og ei kvinne, må den som vert tilsett vere kvinne. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte kvinnelege søkjarar, vil også mannlege søkjarar bli vurderte for stillinga.
Personlege eigenskapar
er fleksibel, ryddig og tek ansvar
er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
er raus, inkluderande og ønsker å bidra i kollegiet med godt humør
er serviceinnstilt og løysingsorientert
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
kommuniserer godt på norsk
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen