Helge- og tilkallingsvikar

SSSulatunet, Sula kommune
LANGEVÅG Publisert 19. jan. 2026Frist 31. des. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet19/100Hvordan?
LønnAnslått 50 550 kr – 67 766 kr per måned
HistorikkObservert i 64 dagerFørst observert 12. aug. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 830 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 830 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 165 aktive nå, 32 488 arbeidsgivere og 142 958 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeuter, studenter og skuleelevar.
Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 timar.

Vi behandlar søknadar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Du kan søke deg til desse avdelingane:

SULATUNET
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til pasientar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga. 

Kjøkkenet ved Sulatunet  leverer mat til Sulatunet, heimebuande, dagsentra og bukollektiva. Vi produserer om lag 170 middagar pr. dag og lager mat og bakverk. Avdelinga har eigen bil og køyrer sjølv ut all mat til kunden.

HEIMETENESTENE
Heimesjukepleien yter teneste til dei som treng hjelp i kvardagen pga sjukdom eller funksjonsnedsetting som framleis bur i heimen sin. Heimesjukepleien yter praktisk hjelp til daglegdagse gjeremål som pasientane ikkje meistrar sjølv. Målet er at alle skal klare seg lengst mogeleg heime i eigen heim, og vere mest mogeleg sjølvhjulpen. Heimesjukepleien yter hjelp til f.eks dagleg stell, dusj, trening i heimen som kvardagsrehabilitering, medisin og oppfølging av ernæring og tilbredning av enkle brødmåltid. Alle som jobbar i heimesjukepleien brukar kommunale bilar i arbeidet med å reise heim til dei ulike pasientane. Heimetenesta er delt i to sektorar; Ytre (Langevåg) Indre (Nausthaugen/Solevåg). 

Molværsvegen 11 er eit bufelleskap for menneske med ulike psykiske lidingar. Bufellesskapet inneheld 8 bustader som inneheld eige kjøkken/stove, bad og soverom. Der er fellesareal i bygget og det er fast personal tilknytt bustaden. Det vert gitt praktisk hjelp til bebuearane, samt miljøarbeid. I Mplværsvegen 11 har vi også oppretta miljøterapeutisk team.

BUKOLLEKTIVA
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv for menneske med sjukdomen demens. Bustaden er tilrettelagt for denne pasientgruppa.                                                            Sloghaugvegen 28 er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Erindringsenteret er dagtilbod og tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens sjukdom som bur heime.
Seniorsenteret er dagtilbod for heimebuande eldre. Her skapar vi moglegheiter for å delta i eit fellesskap og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. 


BU- OG AKTIVITETSTENESTA
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til menneske med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er menneske med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting, aktivisering og opplæring.

Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar: Nymarkvegen, Jetmundgarden og Geilneset 9 og 11.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.
Du må kunne arbeide både sjølvstendig, i samhandling med andre og vise deg fleksibel i arbeidskvardagen.
Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.
Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad
Husk å oppgi referanse

Vi tilbyr

Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring med eige introduksjonskurs for vikarar
Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb
Bonusordning i ferieavviklingsperioden
Mulighet for stipendordning.
Tilpassa turnus/turnusordning
Lønn etter tariff
Gratis parkering

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål

Kontaktinformasjon

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

Meir informasjon om Sula kommune her

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 19. jan. 2026.

2 endringer over 16 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 25. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSSSulatunet, Sula kommune6 stillinger i databasen