Overlege innan psykiatri

ASAlderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
HJELSETFast Publisert 22. mai 2026Frist 01. des. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet43/100Hvordan?
LønnAnslått 50 550 kr – 67 766 kr per måned
HistorikkObservert i 64 dagerFørst observert 12. aug. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 971 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 971 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 241 aktive nå, 32 547 arbeidsgivere og 143 261 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri.

Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk.  Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet.

Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.  Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta.

Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.

Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!

Arbeidsoppgåver

    Diagnostisk utgreiing og behandlingIndividuell og tverrfagleg behandlingKartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helseInternt samarbeid og rettleiingEksternt samarbeid og undervisning/rettleiingSamarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltakDeltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving  Deltaking i bakvaktsordning for overlegar hvis ein ønsker det

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som legeOverlege innan psykiatriMå meistre norsk munnleg og skriftleg Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd  Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing  Førarkort klasse B (personbil)

Personlege eigenskapar

    Du har god språkleg framstillingsevne  Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner  Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø  Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen  

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

    Sterkt tverrfagleg samarbeid
    Ein inkluderande arbeidsplass
    Løn etter gjeldande overeinskomstar
    Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 07. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 22. mai 2026.

2 endringer over 33 dager i 4 øyeblikksbilder.

1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 25. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
    • Frist endret01. sep. 202601. des. 2026
    • Lokasjon endretMOLDEHJELSET
  • 10. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverASAlderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF1 stilling i databasen