Om stillingen
Korttids/rehabiliteringsavdelinga har 20 plassar. Vi har nyleg opna opp 4 plassar og søker engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som ønsker å være med og bygge opp eit viktig tilbod og vidareutvikle tenesta.
Avdelinga gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og som treng kartlegging av vidare hjelpebehov. Vi tilbyr mellom anna opptrening og vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Arbeidet i avdelinga har eit tydeleg fokus å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne.
Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta og arbeider tverrfagleg for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp.
Sulatunet har lyse og trivelege lokaler og ligg vakkert til ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar og rehabiliterings i nærmiljøet.
Avdelinga er prega av flinke, og engasjerte fagfolk, varierte og spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø. Vi er innovative og tek i bruk velferdsteknologi. Helseplattformen er i bruk i avdelingen. Avdelinga har også besøkshund.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar
Arbeidsoppgåver
Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupperSamarbeid og involvering av bebuar og familie
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter autoriserte sjukepleiararKrav om politiattest for stillinga.Personlege eigenskapar
Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for detGode faglege kunnskaparDu må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutinerDu må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeidGode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljøPersonlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.Vi tilbyr
Et positivt og engasjert fagmiljøInteressante og varierte arbeidsoppgåverGod opplæring og moglegheit for fagleg påfyllLangvakter på helg i nokre stillingarLøn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.Stipendordning for sjuke- og vernepleiarstudentarLokalt tillegg for helsepersonell: fagarbeidarar kr 5000,- pr år, høgskuleutdanna kr 6500,- pr.år (justerast etter stillingsprosent)Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar og vernepleiar kr 8000,- pr år. Andre kr. 4000,- pr år. (justerast ikkje etter stillingsprosent)Lokalt tillegg for 20 års ansiennitet kr 5716,- pr årTillegg for vidareutdanningTillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanningGratis parkeringKontaktinformasjon
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar korttids/rehabiliteringsavdelinga, 47518270, Line.Ostrem.Bjornevik@sula.kommune.noGrethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 236030 Langevåg
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 13.12.2026
Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen